Booking

Endre eller avbestill en bestilling

Booking »

Fotturer og vandringer på Lofthus og omegn

TURAR/ VANDRING PÅ LOFTHUS OG OMEGN

Alle turane er delt inn i forskjellig nivå for å gjere det enklare å velgje/ planlegge ein tur.   
Nivå I = Lett
Nivå II = Middels
Nivå III = Krevjande
Nivå IV = Ekspert 

(*) Eit gratis kart er tilgjengeleg i resepsjonen vår.
(**) Skilt/postar (relevant informasjon om turen) er på fylgjande språk: Norsk – Engelsk – Tysk – Japansk – Kinesisk – Russisk


HARDANGER FRUKTSTI - Vandring i frukthagen (*/**) - I

Varigheit: 20 min til 2 timar (rundtur), avhengig av dine preferansar

Ullensvang er den største frukthagen i Noreg, med over 500,000 frukttre. Det heile begynte for over 800 år sidan på garden Opedal her i Lofthus. Vandring i frukthagen tek deg med på ei reise gjennom hjarta av norsk fruktproduksjon. Følg dei ti postane som er rundt om kring på lokale vegar og fruktgardar, og lær meir om fruktdyrking og lokal historie medan du nyt den vakre naturen.


ELVADALEN  (*/**) - II

Varigheit: 2 – 2.5 time (rundtur)

Kombiner fruktvandringa med ein tur i Elvadalen som leiar til elva Opo. I slutten av dalen kan du oppleva  fossefall på nært hald. Bjødnebykse er plassert på venstre side og på høyre side, på 400 meter, har du Skrikjo.



HARDANGER FJELLSTI– Munketreppene (*/**) - IV

Varigheit Hardanger Fjellsti: 8 - 9 timar (rundtur)
Varigheit Munketreppene: 5 timar (tur/retur)

Opplev Hardangersk kultur og nydelege natur på denne eventyrlystne turen. Her går ein gjennom skogen, forbi dei berømte Munketreppene, før ein kjem til Hardangervidda der ein har ein spektakulær utsikt over fjorden og Folgefonna, 1,040m over havet. Ved å kryssa elva kan ein gå ned att via ”Frøyneslia”. På denne stien er det sju informasjonstavler som guidar deg gjennom turen. Alternativt kan ein gå ned att same vei. Turen tek då omlag 5 timar (tur/retur).



H.M. DRONNING SONJA SIN PANORAMATUR (*) - IV

Køyretid frå Hotel Ullensvang til Røte: 10 min (ein veg)  
Bruk bilveg/traktorveg frå bensinstasjonen i Kinsarvik oppover mot høgre (sør) til Røte.
Varigheit: 6 timar

Denne turen er den einaste som kan titulerast med H.M. Dronning Sonja. Dei siste 20 åra har denne turen rundt Hotel Ullensvang vore ein av Dronninga sine favorittar, som ho gjennomfører anten til fots eller på ski. Turen startar på Røte (”Velteplassen”), som ligg 6 km nord for Hotel Ullensvang (mellom Lofthus og Kinsarvik), og ein må halde fram opp traktorvegen til Hardangervidda, 890 meter over havet, kor den merka stien startar. Den lokale Lion’s klubben har markert ruta etter instruksjonar frå H.M. Dronning Sonja. Ordet panorama beskriv utsikten i all si prakt, med utsikt mot Sørfjorden, Odda, Folgefonna, Hardangerbrua og Eidfjord. Ein kan og sjå over til Kvanndal og Utne, og fjorden inn mot Kinsarvik.
Denne turen tek omlag 6 timer. Den eine delen av stien består av 616 trappetrinn laga av lokale munker. Påbegynt i 1210 og ferdig i 1537, no kjent som Munketreppene.


HENG – EIT GLIMT AV PANORAMATUREN (*) - III

Køyretid frå Hotel Ullensvang til Røte: 10 min (ein veg) 
Varigheit: 2,5 timar (tur/retur)

Denne turen gjev deg ei innføring i H.M. Dronning Sonjas panoramiske tursti. Turen startar på Røte (”Velteplassen”), 6 km nord for Hotel Ullensvang (mellom Lofthus og Kinsarvik og held fram opp traktorvegen til Hardangervidda, som ligger 890 meter over havet. På toppen er du garantert ei spektakulær utsikt over heile Hardangerfjorden.

HARDANGER FOSSESTI - Husedalen (*/**) - III

Køyretid frå Hotel Ullensvang til Kinsarvik: 10 min (ein veg)
Varigheit: 3-4 timar (tur/retur) – enklaste veg for å koma seg til Hardangervidda

Besøk Husedalen – ein nydeleg dal i hjarta av Hardanger, som skjuler heile fire ekstraordinære fossefall. Langs stien finn du åtte dekorative og informative skilt, med tema rundt lokal historie og naturarv frå Kinsarvik, Hardangervidda og den unike Husedalen. Med sentrum av Kinsarvik som utgangspunkt, leder ruta heile vegen opp til grensa av nasjonalparken og inngangen ved Tveitafoss kraftstasjon. Det vert anbefalt å bruke bil for å kome til startpunkt.

BREVANDRING PÅ FOLGEFONNA, Noregs tredje største isbre

FRÅ JONDAL - II

Køyretid frå Hotel Ullensvang til Jondal sentrum: om lag 1 time (ein veg) 
Køyretid frå Hotel Ullensvang til skisenteret: om lag 1 time og 30 min (ein veg)

Kontakt: www.folgefonni-breforarlag.no
Tel: (+47) 55 29 89 21 / 95 11 77 92 
Sesong: 1. mai – 30. september (om lag)
Min. alder: 8 år

Utandørs opplevingar i Jondal og i Folgefonna nasjonalpark. Daglig guida brevandring til Juklavassbreen på rundt 4-6 timar. Vanskeligheitsgrad vert skreddarsydd etter gjestens behov.


FRÅ ODDA - III

Køyretid frå Hotel Ullensvang til Odda: 35 min (ein veg)

Kontakt: www.flatearth.no   
Tel: (+47) 47 60 68 47
Sesong: 15. juni – 1. september (om lag)

Guida brevandring inn til blåisen. Turen inkluderer å krysse ei elv, samt at ein har mogelegheit til å klatre i bresprekkar. Fysisk krevjande tur.


BREVANDRING PÅ BUARBREEN - III

Køyretid frå Hotel Ullensvang til Buer: 40 min (ein veg) 
Varigheit: 3 timar (tur/retur)

Kontakt: www.flatearth.no / Tel: (+47) 47 60 68 47 eller
www.visitodda.com / Tel: 47 53 65 40 05
Sesong: 15. juni – 1. september (om lag)

Buarbreen er ein arm av Folgefonna. Ein kan sjå breen på avstand allereie frå parkeringsplassen og det er merka stiar heilt til enden av breen. Guida turar på Buarbreen ved FlatEarth Adventures.


VIA FERRATA i Tyssedal - III

Køyretid frå Hotel Ullensvang til Tyssedal: 25 min (ein veg) 
Varigheit: 4 – 6 timar (rundtur)

Min. alder: 15 år
Kontakt: www.opplevodda.com 
Tel: (+47) 90 82 45 72

Tysso Via Ferrata er ei klatrerute som ikkje krev noko tidligare erfaring. Ein får tildelt nødvendig utstyr og klatrar saman med ein guide frå Opplev Odda.


SKJEGGEDAL i Tyssedal - I - III

Køyretid frå Hotel Ullensvang til Tyssedal: 40 min (ein veg) 
Varigheit: 2 timar eller meir

Vakker dal med mange moglege turar. Ein kan for eksempel besøke Ringedalsdammen, anten ved å køyre heilt fram, eller ein kan gå langs anleggsvegen oppover. Like ved Mågeli kraftstasjon ligg trallebana til Mågelitopp. Her kan ein gå oppover og etter kvart innover Hardangervidda eller til fjellformasjonen Trolltunga.


TROLLTUNGA - IV

Køyretid frå Hotel Ullensvang til Tyssedal: 40 min (ein veg) 
Varigheit: 8 – 10 timar (tur/retur)

Min. alder: 15 år
Kontakt: www.opplevodda.com 
Tel: (+47) 90 82 45 72

Den anerkjende reiselivsnettstaden Tripadvisor har i 2012 peikt Trolltunga ut som ei av verda sine ti mest forbløffande stader å besøke. Frå Tyssedal køyrer du opp til Skjeggedal. Derifrå er det 8 - 10 timars fottur til Trolltunga tur retur. Høgdeforskjell på om lag 1000 meter. Informasjon og turkart ved Odda turistkontor. Gode fjellsko vert anbefalt. Ta med mat og drikke. Det er ingen mobildekning på turen. Turen til Trolltunga passar for folk som er i god form.